Menu
Vokalist
Treng du vokalist/musikkinnslag i dåp, vigsle, gravferd, jubileum eller andre markeringar er eg ledig for oppdrag.
Eg akkompagnerar meg sjølv på piano, men er også open for samarbeid med andre musikarar og instrument. For leige av piano/songanlegg, ta med ynskjet i henvendinga for rett pris.

Pris:
Dåp/Viglse/Gravferd: 2000 kr for inntil 3 songar.
Pris inkluderar sjølvstendig førebuing, oppmøte 30 min før oppstart for lydsjekk. Prisen er rekna ut i frå at der er tilgjengeleg piano og songanlegg og at reisetida er på under 45 min kvar veg.

Ved jubileum eller andre markeringer: Ta kontakt med opplysningar for rett pris.

Komponist
Eg skriv tekst og musikk til eigne prosjekt og på bestilling. Eg kan også hjelpe deg med dine.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

Kurs/Seminar
Om koret/fotballaget/foreininga di treng ei vitamininnsprøyting i form av seminar, workshop eller liknande kan eg tilby fagleg og kreativ innsikt.
Song og musikk er ikkje berre for songarar og musikarar, men kan vere ein spanande innfallsvinkel for lagmentalitet, samhald og meir.

Monge er avhengige av røysta si i sitt yrke. Om du er instruktør, lærar, barnehagetilsett, foredragshaldar eller politikar - stemma di er eit mektig verkemiddel. Treng du råd for sunn stemmebruk eller tips ved eventuell slitasje kan eg bistå. Det kan vere ein idé å gå saman med kollegaer for eit kurs på arbeidsplassen?

Songpedagog
Fylg denne linken: Songpedagog for å komme til utfyllande info.



siden administreres av GNett