Menu

Songundervisning

Elise har base og kontor i vakre Fosnavåg. Online undervisning er mulig



MED FAST ELEVPLASS FÅR DU

  • Time kvar eller annakvar veke
  • Personleg tilpassa undervisning. Kva er viktig for deg?
  • To elevkonsertar per semester. Frivillig å opptre
  • Innspeling av demo i heimestudio. Valgfritt
  • Time online dersom det passar best

    Ps! Du kan også bruke timane dine til å lære piano. Med 3 enkle trinn kan du lære pianoakkordar
  • Påmelding gjeld for eitt semester i gongen (mlm 14-19 veker per semester, sjå skulerute)
  • Innspeling er populært og lærerikt, men valgfritt. Ønsker du ikkje innspeling? Då blir du heller ikkje fakturert for etterarbeid. Gi beskjed i påmeldinga di
  • Faktura kjem på starten av kvart semester. Delbetaling er mulig
BETINGELSAR

Foresatte må melde på elevar under 18 år.

Påmeldinga er bindende og gjeld for eitt semester i gongen.
Haustsemesteret er frå aug-des og vårsemesteret frå jan-juni.
Velger elev/foresatt å trekke påmeldinga eller å slutte undervegs, pliktar eleven likevel å betale for elevplassen.

Om eleven er under 18 år og foresatte ikkje bur saman: Skriftleg bekreftelse på kjøp samt godkjenning av betingelser må foreligge frå begge foresatte. Dette gjeld kun dersom faktura skal delast og rettast mot begge foresatte.

Antal timar og konsertar per semester er oppgitt i e-post med info om påmelding (sjå skulerute)

Pris for individuell undervisning (gjeld fra 01.08.22) 30 min - 450 kr. 45 min - 675 kr. 60 min - 900 kr. Elevkonsert - 675 kr. Etterarbeid innspeling av demo 30 min - 450 kr. Pris for gruppeundervisning (minst 3 pers /maks 4 pers per gruppe) 60 min - 675 kr. Elevkonsert 450 kr.

Faktura kjem på e-post ved starten av semesteret. Faktura må betalast innan forfall for å unngå purregebyr, renter og evt inkasso. Oppdeling av faktura er muleg - må avtalast skriftleg.

Timeplan, skulerute, faktura og anna informasjon blir sendt på e-post. Informasjon som gjeld same dag (kort frist) kan kome på SMS. Det er elev/foresatt sitt ansvar å oppgi rett kontaktinformasjon (telefonnummer, e-postadresse og fakturaadresse), og varsle om evt endringar.

Ved sjukdom eller manglande oppmøte vert det ikkje gitt refusjon. Må Elise kansellere undervisning blir semesteret forlenga tilsvarande Elise sitt fråver.

Du har time på fast dag til fast klokkeslett. For å bytte ein enkel time kan du ta kontakt med eleven du vil bytte med direkte - men gi alltid beskjed til Elise om du byttar time med nokon. Du bør unngå å spørje same elev fleire gongar same semester, med mindre det er avtalt.

For best utbytte av undervisninga skal kun lærar og elev vere tilstades på time, også ved digital undervisning. Eleven får ha med ein foresatt til det kjennes trygt å møte aleine.

Vert vi forhindra frå fysisk oppmøte som følge av t.d pandemi held undervisninga fram på FaceTime, Skype eller Messenger.

Elevkonsertar inngår i alle elevplassar, men det er frivillig å opptre. Vert vi forhindra frå å gjennomføre elevkonsert på tradisjonell måte førebur vi alternativ framføring eller undervisning som erstatning. Konsertdato er oppgitt i skuleruta men kan bli endra eller erstatta av anna undervisning dersom det av uforutsette grunnar ikkje let seg gjennomføre til planlagt dato.

Elise har teieplikt og oppbevarar ikkje sensitiv informasjon knytt til elevar/undervisning.


Lytt til elevar av Elise Nærø her:

siden administreres av GNett