Songundervisning
- Alle nivå og aldrar
- Velg mellom fast elevplass (kvar/annakvar veke) eller drop in (ved ledig kapasitet)
Elise har base og kontor i vakre Fosnavåg
Online undervisning er mulig
MED FAST ELEVPLASS FÅR DU
- Time kvar/annakvar veke
- Personleg tilpassa undervisning - kva er viktig for deg?
- To elevkonsertar per semester (frivillig å opptre)
- Innspeling av demo i heimestudio (valgfritt)
- Time online dersom det passar best
Ps! Som songelev av Elise kan du bruke av timane dine til å lære piano. Det er kjekt å akkompagnere deg sjølv når du syng. Elise har ein super metode med 3 enkle trinn til å lære pianobesifring
PRIS PER TIME VED FAST ELEVPLASS (drop-in)
30 min - 450 kr
45 min - 675 kr (drop in 740 kr)
60 min - 900 kr (drop in 990 kr)
Etterarbeid innspeling (inntil 30 min klipp, miks, pålegg) - 450 kr
- Påmelding gjeld for eitt semester i gongen (mlm 14-19 veker per semester, sjå skulerute)
- Innspeling er populært og lærerikt, men valgfritt. Ønsker du ikkje innspeling? Då blir du heller ikkje fakturert for etterarbeid. Gi beskjed i påmeldinga di
- Faktura kjem på starten av kvart semester. Ønsker du å dele faktura på 2 eller 3? Ved manglande/ for sein betaling kjem purregebyr, renter, inkassovarsel etc.
Foresatte må melde på elevar under 18 år.
Påmeldinga er bindende og gjeld for eitt semester i gongen.
Haustsemesteret er frå aug-des og vårsemesteret frå jan-juni.
Velger elev/foresatt å trekke påmeldinga eller å slutte undervegs, pliktar eleven likevel å betale for elevplassen.
Om eleven er under 18 år og foresatte ikkje bur saman: Skriftleg bekreftelse på kjøp samt godkjenning av betingelser må foreligge frå begge foresatte. Dette gjeld kun dersom faktura skal delast og rettast mot begge foresatte.
Antal timar og konsertar per semester er oppgitt i e-post med info om påmelding (sjå skulerute)
Pris for individuell undervisning (gjeld fra 01.08.22) 30 min - 450 kr. 45 min - 675 kr. 60 min - 900 kr. Elevkonsert - 675 kr. Etterarbeid innspeling av demo 30 min - 450 kr. Pris for gruppeundervisning (minst 3 pers /maks 4 pers per gruppe) 60 min - 675 kr. Elevkonsert 450 kr.
Faktura kjem på e-post ved starten av semesteret. Faktura må betalast innan forfall for å unngå purregebyr, renter og evt inkasso. Oppdeling av faktura er muleg - må avtalast skriftleg.
Timeplan, skulerute, faktura og anna informasjon blir sendt på e-post. Informasjon som gjeld same dag (kort frist) kan kome på SMS. Det er elev/foresatt sitt ansvar å oppgi rett kontaktinformasjon (telefonnummer, e-postadresse og fakturaadresse), og varsle om evt endringar.
Ved sjukdom eller manglande oppmøte vert det ikkje gitt refusjon. Må Elise kansellere undervisning blir semesteret forlenga tilsvarande Elise sitt fråver.
Du har time på fast dag til fast klokkeslett. For å bytte ein enkel time kan du ta kontakt med eleven du vil bytte med direkte - men gi alltid beskjed til Elise om du byttar time med nokon. Du bør unngå å spørje same elev fleire gongar same semester, med mindre det er avtalt.
For best utbytte av undervisninga skal kun lærar og elev vere tilstades på time, også ved digital undervisning. Eleven får ha med ein foresatt til det kjennes trygt å møte aleine.
Vert vi forhindra frå fysisk oppmøte som følge av t.d pandemi held undervisninga fram på FaceTime, Skype eller Messenger.
Elevkonsertar inngår i alle elevplassar, men det er frivillig å opptre. Vert vi forhindra frå å gjennomføre elevkonsert på tradisjonell måte førebur vi alternativ framføring eller undervisning som erstatning. Konsertdato er oppgitt i skuleruta men kan bli endra eller erstatta av anna undervisning dersom det av uforutsette grunnar ikkje let seg gjennomføre til planlagt dato.
Elise har teieplikt og oppbevarar ikkje sensitiv informasjon knytt til elevar/undervisning.
Lytt til elevar av Elise Nærø her: