PROSJEKTKOR MED ELISE NÆRØ
Har du lyst til å synge i kor men ikkje funne det rette koret enda? Perfekt! Les vidare
Prosjektkor med instruktør Elise Nærø eksisterer kun i korte perioder om gongen. Denne gong: mars-mai 2023
Vi øvar 8 torsdagar før vi opptrer på Konsert med elevar av Elise Nærø 25.mai
Kva kan du forvente?
- innstudering av fengande pop-songar
- tips om stemmebruk
- enkel notelesing
- fleirstemt song og sprudlande stemning!
Prosjektkor passar for deg med OK gehør
Du treng ikkje vere supersolist eller noteekspert, men må ha lyst til å synge ut på engelsk!
Du må ønske å jobbe med lyden din og tilpasse deg koret sin klang
Alt skjer i vakre Fosnavåg
Vil du bli med? Sjekk ut øvingsdatoane våren 2023
Veke
11 Torsdag 16.mars kl 20-21.30
12Torsdag 23.mars kl 20-21.30
13 Torsdag 30.mars kl 20-21.30
14 Påskeferie
15 Torsdag 13.april kl 20-21.30
16Torsdag 20.april kl 20-21.30
17 Torsdag 27.april kl 20-21.30
18 Torsdag 4.mai kl 20-21.30
19 Torsdag 11.mai kl 20-21.30
20 Kristi himmelfartsdag
21 Torsdag 25.mai kl 18.30: KONSERT MED ELEVAR AV ELISE NÆRØ (oppmøte og lydsjekk i forkant)
Ser det bra ut? Sikker på du er ledig? Hurra! Då kan du melde deg på
Påmelding til elisenaero@gmail.com (eller bruk kontaktskjema her)
FRIST FOR PÅMELDING 15.FEBRUAR
- Påmeldinga er bindande
- Husk namn, adresse og telefonnummer
- Kan du ikkje alle datoar? Få med det i påmeldinga
- Oppgi evt stemmegruppe; 1.sopran (lysast), 2.sopran, 1.alt eller 2.alt (mørkast)
Pris 4990 kr.
Faktura kjem på e-post når vi nærmar oss oppstart
Faktura kan delast på to eller tre - be om delbetaling i påmeldinga di. Ved for sein/manglande betaling forfell heile fakturabeløpet og purregebyr, renter og evt inkasso kan påløpe
Det givast ikkje refusjon ved fråvær eller sjukdom. Dersom instruktøren vert sjuk eller av annan legitim orsak må avlyse øving, blir semesteret forlenga tilsvarande.
Begrensa antal plassar i koret, men vi må vere eit minimum antal deltakarar for oppstart
Tips alle du kjenner - dette blir fantastisk kjekt!!
Spørsmål om Prosjektkor? Spør meg gjerne
VELKOMEN TIL PROSJEKTKOR!