Menu

PROSJEKTKOR MED ELISE NÆRØ

Har du lyst til å synge i kor men ikkje funne det rette koret enda? Er du jente 18+? Perfekt! Les vidare.

Prosjektkor med instruktør Elise Nærø eksisterer kun for korte perioder om gongen. Denne gongen frå september til oktober 2021.

Det blir
- innstudering av fengande songar (pop)
- tips om stemmebruk
- enkel notelesing
- fleirstemt song og god stemning!

Prosjektkor passar for deg som har OK gehør.
Du treng ikkje vere supersolist eller noteekspert.
Du må derimot ha lyst til å synge ut. På engelsk!

Vi øvar 6 torsdagar og opptrer på «Konsert med elevar av Elise Nærø»

Alt skjer i Fosnavåg.

Vil du bli med? Sjekk ut desse datoane:
2.sept øving kl 20-21.30
16.sept øving kl 20-21.30
30.sept øving kl 20-21.30
07.okt øving kl 20-21.30
21.okt øving kl 20-21.30
28.okt konsert kl 18.30-20.30 (oppmøte ca kl 18)

Ser det bra ut? Sikker på du er ledig? Hurra! Då kan du melde deg på.

Påmelding til elisenaero@gmail.com

FRIST FOR PÅMELDING 01.juli

- Påmeldinga er bindande
- Husk namn, adresse og telefonnummer
- Kan du ikkje alle datoar? Få med det i påmeldinga
- Oppgi evt stemmegruppe

Vi følger gjeldande reglar for smittevern.

Pris 2500 kr.
Faktura kjem på e-post når vi nærmar oss dato for oppstart. Faktura kan delast på to ved avtale.

Begrensa antal plassar. Må ha eit visst antal påmeldingar for oppstart.
Tips venninder, kollegaer osv.

Spørsmål om Prosjektkor? Spør meg gjerne!

VELKOMEN SKAL DU VERE!

siden administreres av GNett