Prosjekt:Julestemning 2024
Sjå for deg at du er i eit litt mørkt rom, med levande lys. Deilige tonar fyller øyrene dine.
Tonane kjem frå smilande munnar og pianospel. Fyrst litt nølande, prøvande og så: dei vakraste harmoniar. Melodiar så fine at du får klump i halsen. Ekte og god stemning, som varmar deg innanfrå. Lufta rundt deg er liksom snill og god. Du har ikkje lyst heim - du vil berre vere her. Synge og kose deg i lag med dei andre.
Er du jente 18+ og glad i å synge? Perfekt. Les gjerne vidare
Prosjekt:Julestemning er ein musikalsk juleverkstad for unge og vaksne jenter. Fokuset er på kosen og gleda vi kjenner ved å synge. Du vil senke skuldrane, mestre fine lydar og heilt sikkert flire litt.
Vi dreg kvarandre opp og fram gjennom mørketida
Prosjektperioda er denne gongen frå nov - des 2024
Ved enden av prosjektperioda deltek vi på koselig førjulskonsert med elevar av Elise Nærø 12.desember kl 18.30. Der syng vi songane vi har jobba med.
Kva kan du forvente?
- Nydeleg musikk
- Gode tips om stemmebruk
- Fleirstemt song og deilig julestemning!
Kven passar det for?
- Passar for deg med OK gehør
- Du treng ikkje vere supersolist eller noteekspert
- Du må ha lyst til å synge ut, både på norsk og engelsk
- Du må ønske å jobbe med lyden din + forsøke å tilpasse deg gruppa sin klang
Datoar
Tirs 5.nov
Tirs 12.nov
Tirs 19.nov
Tirs 26.nov
Tirs 3.des
Tirs 10.des
Tors 12.des, Konsert med elevar av Elise Nærø, kl 18.30 (lydsjekk ca kl 17.30)
Ser det bra ut? Då kan du melde deg på!
Påmelding til elisenaero@gmail.com (eller her)
PÅMELDINGSFRIST 1.OKT💛
Påmeldinga er bindande
- Husk namn, adresse og telefonnummer
- Kan du ikkje alle datoar? Få med det i påmeldinga
- Oppgi evt stemmegruppe: 1.sopran (lysast), 2.sopran, 1.alt eller 2.alt (mørkast), og anna relevant info om erfaring osv
Pris kun kr 900,- per avdrag ved delbetaling
Totalt: kr 2700,-
Faktura kjem på e-post når vi nærmar oss oppstart
Faktura kan delast på tre - be om delbetaling i påmeldinga di. Ved for sein/manglande betaling forfell heile fakturabeløpet og purregebyr, renter og evt inkasso kan påløpe
Det givast ikkje refusjon ved fråvær eller sjukdom. Dersom instruktøren vert sjuk eller av annan legitim orsak må avlyse øving, blir semesteret forlenga tilsvarande
Spørsmål? Spør meg gjerne
VELKOMEN TIL PROSJEKT:JULESTEMNING!