Prosjekt:Julestemning 2025
Du er i eit rom med levande lys. Deilige tonar fyller øyrene dine. Fyrst litt forsiktig og stille - og så dei vakraste harmoniar. Melodiar så fine at du får klump i halsen. Ekte og god stemning, som varmar deg innanfrå og minnar deg om jul. Du har ikkje lyst heim - du vil berre vere her. Synge og kose deg i lag med dei andre.
Er du jente/dame 16 år eller eldre, og ganske glad i å synge? Strålande! Les vidare
Prosjekt:Julestemning er ein musikalsk juleverkstad for unge og vaksne jenter. Fokuset er på kosen og gleda vi kjenner ved å synge.
Kva kan du forvente?
- Lave og lette skuldar
- Fine lydar
- Venleg atmosfære
Vi dreg kvarandre opp og fram gjennom mørketida!
Prosjektperioda er denne gongen frå nov - des 2025
Ved enden av prosjektperioda deltek vi på koselig og førjulskonsert med elevar av Elise Nærø. Dato for konserten er torsdag 11.desember kl 18.30. Der syng vi på litt av det vi har jobba med - utan stress eller jag om prestasjon. Kun fordi vi synast det er så givande å synge i lag!
Kva kan du forvente?
- Fin musikk
- Tips om stemmebruk, som faktisk fungerar
- Fleirstemt song og behageleg julestemning
Kven passar det for?
- Passar for deg med dugandes gehør
- Du treng ikkje vere supersolist eller noteekspert
- Du må ha lyst til å synge ut, uansett språk
- Du må ønske å jobbe med lyden din
Datoar
Ons 5.nov kl 20-21.30
Ons 12.nov kl 20-21.30
Ons 19.nov kl 20-21.30
Ons 26.nov kl 20-21.30
Ons 3.des kl 20-21,30
Ons 10.des kl 20-21.30
Tors 11.des, Konsert med elevar av Elise Nærø, kl 18.30 (lydsjekk ca kl 17.30)
Ser det bra ut? Då kan du melde deg på!
Minimum 4 deltakarar for oppstart
Påmelding til elisenaero@gmail.com (eller her)
PÅMELDINGSFRIST 1.SEPT💛
Påmeldinga er bindande
- Husk namn, adresse og telefonnummer
- Kan du ikkje alle datoar? Få med det i påmeldinga
- Oppgi evt stemmegruppe eller Anna relevant info om erfaring osv.
Stemmegrupper: 1.sopran (lysast), 2.sopran, 1.alt eller 2.alt (mørkast)
Pris kun kr 2700,-
Pris inkluderer notemateriale
Faktura kjem på e-post når vi nærmar oss oppstart
Faktura kan delast på tre - be om delbetaling i påmeldinga di. Ved for sein/manglande betaling forfell heile fakturabeløpet og purregebyr, renter og evt inkasso kan påløpe
Det givast ikkje refusjon ved fråvær eller sjukdom. Dersom instruktøren vert sjuk eller av annan legitim orsak må avlyse øving, blir semesteret forlenga tilsvarande
Spørsmål? Spør meg gjerne
VELKOMEN TIL PROSJEKT:JULESTEMNING!