Menu

Prosjektkor vår 2024

Lyst til å synge i kor? Få tips om stemmebruk? Lage plass til masse deilig energi og musikkglede i kvardagen? Perfekt! Då må du lese vidare

Prosjektkor med Elise Nærø er eit herleg popkor for jenter 18+
Koret eksisterer kun i perioder om gongen
Vi møtast 10 gongar, øvar og ler, før vi opptrer på "Konsert med elevar av Elise Nærø"

Kva kan du forvente?

  • Digg pop!!
  • Tips om stemmebruk
  • Fleirstemt song og GOD stemning

Passar for deg som har heilt OK gehør og lyst til å synge
Du treng iiikkje vere supersolist eller noteekspert
Du må ville jobbe med lyden din og forsøke å tilpasse den til koret sin klang

Blir du med? Sjekk øvingsdatoane under

Alt skjer i vakre Fosnavåg <3

18.jan tors kl 20-21.30
01.feb tors kl 20-21.30
15.feb tors kl 20-21.30
29.feb tors kl 20-21.30
14.mars tors kl 20-21.30
04.april tors kl 20-21.30
18.april tors kl 20-21.30
2.mai tors kl 20-21.30
14.mai OBS tirsdag kl 20-21.30
28.mai OBS tirsdag kl 20-21.30
30.mai KONSERT <3 kl 18.30, lydsjekk ca kl 18


Ser det bra ut? La du merke til at to siste øvingane er på ein tirsdag?
Jippi! Då kan du melde deg på <3

Kan du ikkje alle datoar? Det går fint. Skriv dei datoane du ev. veit at kræsjar i påmeldinga di

Påmelding til elisenaero@gmail.com eller her

Påmeldinga er bindande
Husk namn, adresse og telefonnummer
Oppgi evt stemmegruppe; 1.sopran (lysast), 2.sopran, 1.alt eller 2.alt (mørkast) og/eller anna relevant info om erfaring m.m

Pris kun kr 3900,- (kr 975,- per avdrag om du velger delbetaling)
Faktura kjem på e-post når vi nærmar oss oppstart
Faktura kan delast på inntil 4. Be om delbetaling i påmeldinga di
Ved for sein/manglande betaling forfell heile fakturabeløpet og purregebyr, renter og evt inkasso kan påløpe
Det givast ikkje refusjon ved fråvær eller sjukdom
Dersom instruktøren vert sjuk eller av annan legitim orsak må avlyse øving, blir semesteret forlenga tilsvarande


Tips alle du kjenner - dette blir fantastisk kjekt!

Påmeldingsfrist 15. des
…men du kan melde deg på, så lenge der er plass i koret. Det må vere nok påmeldte innan fristen. . Så meld deg på i dag!

Spørsmål? Rop ut. Håper eg ser deg 😍

VELKOMEN!

siden administreres av GNett