Prosjektkor
Prosjektkor eksisterer for ei kort periode i gongen. Vi møtast for å øve inn og til slutt framføre eit spesifikt musikkstykke eller program. Prosjektkor er ein god måte å utfordre seg sjølv og utvikle songferdigheitene på
Det er mange gode grunnar til å synge i kor! For det første er Prosjektkor ein fantastisk måte å uttrykke seg på. Mange opplever å få meir energi når dei brukar tid på musikk ilag med andre.
I Prosjektkor blir det ofte eit heilt spesielt samhald og fellesskap blant deltakarane. Ein følelse av tilhøyrsle og glede, gjerne uten å kjenne kvarandre frå før.
Prosjektkor kan ha positiv effekt på fysisk og mental helse. Det er påvist at song kan redusere stress, auke sjølvtillit og forbetre evne til konsentrasjon
Prosjektkor kan vere ei kilde til glede og inspirasjon. Prosjektkor er ein perfekt måte å utfordre seg sjølv på + lære noko nytt. Du får delta på øvingar og konsertar du ellers ville gått glipp av. Her snakkar vi gode, glade minner og opplevingar som varer livet ut!
Bli med i Prosjektkor, uansett om du er nybegynner eller erfaren. Opplev godene det gir
Å synge ilag med andre kan gi deg meir enn du trur <3
Datoar hausten 2024
Torsdagar kl 20-21.30, sentralt i Fosnavåg
5.sept
19.sept
12.sept
03.okt
haustferie
17.okt
24.okt
31.okt
07.nov
14.nov
21.nov
28.nov
5.des
12.des Konsert med elevar av Elise Nærø kl 18.30 (lydsjekk ca 17.30)
Pris og påmelding
Deltakaravgift kr 6300,- dekker notemateriell, noteperm, husleige, lønn til instruktør og kaffe/te til deltakarane. Delbetaling er tilgjengeleg. Faktura kan delast på 4. Gi beskjed i påmeldinga di, om du ønsker delbetaling. Ved for sein eller manglande betaling forfell heile fakturabeløpet, og purregebyr og vidare inkasso kan påløpe. Ver ikkje redd for å ta kontakt ved spm om betaling
Påmelding til elisenaero@gmail.com eller via kontaktskjema
Prosjektkor har aldersgrense 18 år, men unntak kan gjerast - ta kontakt!