Menu

Prosjektkor

Prosjektkor eksisterer for ei kortare periode i gongen. Vi møtast for å øve inn og til slutt framføre eit spesifikt musikkstykke eller program. Dette kan vere alt frå klassisk musikk til populærmusikk. Prosjektkor er ein god måte å utfordre seg sjølv og utvikle songferdigheitene på

Det er mange gode grunnar til å synge i kor! For det første er det ein fantastisk måte å uttrykke seg på. Mange opplever å få meir energi når dei brukar tid på musikk ilag med andre.
I Prosjektkor blir det ofte eit heilt spesielt samhald og fellesskap blant deltakarane. Ein følelse av tilhøyrsle og glede, og det ofte uten å kjenne kvarandre frå før.
Prosjektkor kan ha positiv effekt på fysisk og mental helse. Det er påvist at song kan redusere stress, auke sjølvtillit og forbetre evne til konsentrasjon

Prosjektkor kan vere ei kilde til glede og inspirasjon. Prosjektkor er ein perfekt måte å utfordre seg sjølv + lære noko nytt. Du får moglegheita til å oppleve konsertar og framsyningar du gjerne ellers ville gått glipp av. Her snakkar vi spennande, gode minner og opplevingar som varer livet ut!

Vurdere å delta i Prosjektkor, uansett om du er nybegynner eller erfaren.
Å synge godt ilag med andre kan gi deg meir enn du trur <3