Mini musikkleir i sommarferien (5-7.klasse)
Har barnet ditt lyst til å synge og oppleve musikkglede i sommarferien?
Songpedagog Elise Nærø inviterer til mini musikkleir for barn i 5.-7.klasse på Vokalfabrikken i Fosnavåg.
Tre kjekke dager med song og fellesskap!
Dette gjer vi:
- Gøye og gode oppvarmingsøvingar for stemme og kropp
- Innstudering av kjende popsongar
- Samspel og enkel bevegelse
- Musikkleikar
- Fokus på glede, meistring og fellesskap
📅 Når: Mandag, tirsdag og onsdag første veka i sommarferien (22.-24.juni, 2026)
⏰ 2 timar per dag (Kl 12-14)
👧🧒 Alder: 5.–7. klasse
👥 Plassar: Maks 10 deltakarar (små grupper gir tryggleik og god oppfølging)
💰 Pris: kr 890,- for alle tre dagane
📩 Påmelding via kontaktskjema eller til elisenaero@gmail.com
***Frist for påmelding: 01.juni***
Ved påmelding oppgi følgjande opplysningar:
- Namn på barn og føresette
- Telefonnummer til føresette (evt. også telefonnummer til barnet)
- Klasse og skule
- Eventuelle andre opplysningar de meiner er viktige.
Viktig informasjon om deltaking
Mini musikkleir er lagt opp som eit tilbod der barna deltek utan føresette til stades, saman med éin vaksen instruktør.For at tilbodet skal fungere godt for alle, er det ein føresetnad at barnet:
- Kan vere i gruppe utan foreldre/føresette til stades
- Klarer å følgje felles instruksjonar
Er de usikre på om tilbodet passar for barnet, oppmodast dokke til å ta kontakt i forkant, slik at vi saman kan vurdere om dette er rett tilbod.
