Menu

Vokalfabrikken Kor

Vil du synge i eit kor med "ungt og friskt" uttrykk?
På Vokalfabrikken startar det no eit nytt kor for unge og vaksne som ønsker songglede, utvikling og eit energisk vokaluttrykk.

Her jobbar vi målretta med samklang, groove, formidling og vokalteknikk. Alt dette i eit trygt og inspirerande miljø. Repertoaret vil vere henta frå pop og rytmiske sjangrar, men også anna musikk som er fengande, meiningsfull og gøy å synge.

Koret passar for deg som har lite til litt erfaring frå før, men også for deg som kjenner at dette er eit kor du vil vere ein del av.

Målet er å bygge eit kor som:
– øver fast ein gong i veka
– utviklar seg saman
– har eit godt og givande sosialt miljø

Praktisk informasjon
Tid: Onsdagar 19.30–21.00
Stad: Vokalfabrikken, Fosnavåg
Oppstart: Onsdag 18. mars

Våren 2026 er det planlagt 12 øvingar. Frå hausten 2026 vil påmelding gjelde for eit heilt skuleår (ca 30 øvingar)

Pris våren 2026: 3 480 kr (290 kr per øving).
Delbetaling utan renter og gebyr er tilgjengeleg. Faktura kan delast på 3 ved forespørsel.

Datoar:
18.mars, 25.mars
8.april, 15.april, 22.april, 29.april
6.mai, 13.mai, 20.mai, 27.mai
3.juni, 10.juni

Maks 18 deltakarar

Instruktør

Elise Nærø, med 16 års erfaring som profesjonell songar og songpedagog

Stemmesamtale
For å sikre god stemmefordeling og godt samspel inviterer eg til ein kort og uformell stemmesamtale på Vokalfabrikken fredag 13. mars. Tidspunkt avtalar vi nærmare, og samtalen tek ca 10-15 min.

Dette er ikkje ei opptaksprøve, men ei moglegheit til å bli litt kjend og finne den stemmegruppa som passar best for deg. For å finne rett stemmegruppe syng vi litt saman - heilt trygt og ingenting å gru seg til <3

Kjenner eg deg som vokalist frå før, er ikkje stemmesamtale nødvendig.

Påmeldingsfrist: 12. mars
Det er avgrensa antal plassar og kort frist for påmelding.
Påmeldinga skjer fortløpande fram til fristen eller til koret er fullt.

Påmeldinga er bindande

Påmelding ved å trykke her eller på e-post til elisenaero@gmail.com
Sikre plassen din no! Plassane er avgrensa til 18 songarar. Du får svar og informasjon om stemmesamtale kort tid etter påmelding.



Bilde generert av KI - men synge må dokke gjere sjølve! Hihi

siden administreres av GNett