Menu

Vokalfabrikken Kor 26/27

Eit kor med ungt & friskt uttrykk

På Vokalfabrikken finn du eit kor for unge & vaksne som ønsker songglede og eit energisk vokaluttrykk.
Repertoaret er henta fra pop & rytmiske sjangrar, men også anna musikk som er fengande, meiningsfull og gøy å synge. Språket er ofte engelsk, men det kan bli aktuelt med både norsk og svensk.

Koret er heilt nytt (mars 2026) og passar for deg som har lite eller litt erfaring frå før. Vokalfabrikken Kor er også opent for deg som har meir erfaring, og som kjenner at dette er eit kor du vil vere ein del av.

Målet er eit kor som
- øvar fast ein gong i veka
- utviklar seg saman
- har eit godt & givande sosialt miljø

Praktisk informasjon
Tid: onsdagar kl 19.30-21.00
Stad: Vokalfabrikken, Igesundvegen 20, 6090 Fosnavåg
Oppstart: 26.aug

Påmeldinga er bindande og gjeld for eitt skuleår i gongen. Totalt: 32 øvingar.

Pris & betaling
Haust 2026 - 14 øvingar: 4200 kr
Pris vår 2027 - 18 øvingar: 5400 kr

Faktura kjem på starten av kvart semester. Delbetaling utan renter og gebyr er tilgjengeleg. Faktura kan delast på 3.

Datoar
26.aug, 2.september, 9.sept, 16.sept, 23.sept, (haustferie 7.okt) 14.okt, 21.okt, 28.okt, (ingen øving 4.nov), 11.nov, 18.nov, 25.nov, 2.des, 9.des

27.jan, 3.feb, 10.feb, 12.feb, (vinterferie 24.feb), 3.mars, 10.mars, 17.mars, (påskeferie 24.mars), 31.mars, 7.apr, 14.apr, 21.apr, 28.apr, 5.mai, 12.mai, 19.mai, 26.mai, 2.juni, 9.juni

Påmeldingsfrist 17.august
Eller når koret er fullt. Kun 18 plassar!
Send påmelding via kontaktskjema, eller til elisenaero@gmail.com

Du får bekreftelse på påmelding og tildelt tid for stemmesamtale kort tid etter at du har sendt påmeldinga di.

Stemmesamtale
For å sikre god stemmefordeling får nye songarar ein uformell stemmesamtale før oppstart. Dette er kun for å verte litt kjende og for å finne rett stemmegruppe. Heilt trygt og ingenting å gru seg til <3 Stemmesamtalen tek 10-15 min.
Kjenner Elise deg fra før, er ikkje stemmesamtale nødvendig.

Ta med:
- Mappe med gjennomsiktige plastlommer til notar
- Drikkeflaske med vatn
- Tjukkelestar eller tøfler (skofri sone for godt innemiljø og klima)


Bilde er generert av KI - men koret syng heilt sjølv. Hihi...

siden administreres av GNett