Menu

Elise Nærø

Elise Nærø er artist, låtskrivar og sangpedagog med base i Fosnavåg, Møre og Romsdal.

Ho vart kjend for det norske publikum som semifinalist i The Voice - Norges beste stemme 2017, der den store og uttrykksfulle stemma hennar vekte merksemd hjå både publikum og mentorar.

Elise har i dag sine fysiske kontor og undervisningslokale i Fosnavåg: Vokalfabrikken, eit rom for stemme, song og kreativ utforsking.


Foto: Robert Dreier Holand for TV2

Hjerte for heimstaden

Elise har sunge heile livet. Å stå på TV-scena veke etter veke, i beste sendetid, opna dører og førte til mykje reising rundt om i landet. Samtidig byrja ho å stille seg eit spørsmål: Var den vesle byen på Mørekysten framleis rett stad å bu – som utøvande artist?

Desse tankane blei utgangspunktet for hennar første norskspråklege singel: Heime her (2021)

Songen handlar om å høyre til. I dag blir "Heime her" ofte brukt i bryllaup, gravferder og konfirmasjonar, og har fått ein heilt spesiell plass hjå mange lyttarar.

Utgivelsar

Elise debuterte som soloartist med singelen: This Is So You (2018). Singelen vart urframført og streama live på VG.no som opningsnummer på bokseeventet This Is Oslo.

Begge solosinglane hennar har vore lista på fleire norske radiokanalar.

🎶 Følg med – meir musikk frå Elise kjem.
🎧 Lytt og følg
🎤 Undervisning og oppdrag
Book Elise til konsert, vielse eller andre arrangement



siden administreres av GNett