Elise Nærø
Elise Nærø er artist, låtskrivar og sangpedagog med base i Fosnavåg, Møre og Romsdal.
Ho vart kjend for det norske publikum som semifinalist i The Voice – Norges beste stemme 2017, der den store og uttrykksfulle stemma hennar vekte merksemd hjå både publikum og mentorar.
Elise har i dag sine fysiske kontor og undervisningslokale i Fosnavåg: Vokalfabrikken, eit rom for stemme, song og kreativ utforsking.

Foto: Robert Dreier Holand for TV2
Hjarte for heimstaden
Elise har sunge heile livet. Å stå på TV-scena veke etter veke, i beste sendetid, opna dører og førte til mykje reising rundt om i landet.
Samtidig byrja ho å stille seg eit spørsmål: Var den vesle byen på Mørekysten framleis rett stad å bu – som utøvande artist?
Desse tankane blei utgangspunktet for hennar første norskspråklege singel:
«Heime her»
Utgjevingar
Elise debuterte som soloartist med singelen:
This Is So You (2018)
– urframført og streama live på VG.no som opningsnummer under bokseeventet This Is Oslo.
Begge solosinglane hennar har vore lista på fleire norske radiokanalar.
🎶 Følg med – meir musikk frå Elise kjem.
🎧 Lytt og følg
🎤 Undervisning og oppdrag
- Ta sangtimer med Elise på Vokalfabrikken, Fosnavåg
Book Elise til konsert, vigsel eller andre arrangement
